Hopp til innhold

Måseide ut av AP

Ulstein-ordførar Hannelore Måseide har meldt seg ut av Arbeiderpartiet med verknad frå i dag, mandag.

Hannelore Måseide

Ulstein-ordførar Hannelore Måseide har meldt seg ut av Ulstein Arbeidarparti.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Slik eg opplever dette har me ei ulik forståing for korleis me skal jobbe i kommunestyregruppa, seier Måseide til NRK.

Held fram som ordførar

Ho seier det ikkje er ei særskild sak som gjer at ho no melder seg ut av partiet.

- Det er ei totalvurdering som ligg til grunn for at eg no gjer dette, legg ho til. Ho forstår det om folk reagerer på at ho som ordførar er den som melder seg ut av gruppa.

- Eg forstår det. Det har ligge tungt over meg, men samla sett trur eg dette er det beste på sikt for alle partar.

Ho kjem til å halde fram som ordførar, og har gjort seg mange refleksjonar over det at ho no ikkje har Arbeidarpartiet i ryggen i kommunestyret.

Ikkje eit svik mot veljarane

- Ein ordførar i ei kommune av Ulstein sin størrelse og aktivitet bør ha eit parti i ryggen, og det vurderer eg, fortel Måseide. Ho legg til at ho blir verande i fleirtalsgrupperinga, men vil ikkje seie kva parti ho vil melde seg inn i.

Ho seier det er ho som person som er valt som ordførar, og at det dermed er opp til ho sjølv å avgjere om ho vil bli sitande som ordførar.

- Veljarane som gjekk til val i fjor haust gjorde sitt val på grunnlag av at dei vurderte det som eg har gjort i dei tolv åra som har gått, og eg er ingen annan person i dag enn eg var i går, seier ho, og meiner ikkje veljarane har blitt svikta når ho no går av.

Må finne nytt parti

Måseide har hatt møter med styreleiar i partiet, og med partigruppa i forkant av avgjerda, seier ho.

- Eg treng nok litt tid på å bearbeide kjenslene, og fordøye det valet eg har gjort, og vegen vidare. Eg har ein ståstad, og eit fundament, og eg må no finne ut kvar det passar best til å søkje om nytt medlemskap, fortel Hannelore Måseide, og legg til at ho ikkje har vurdert å gå av som ordførar i Ulstein.

John Ole Aspli

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet John Ole Aspli er skuffa over avgjerda til Måseide.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, John Ole Aspli er skuffa over avgjerda.

Brota kontrakt

- Det blir eg sjølvsagt veldig skuffa over. Eg veit ikkje nok til å vite bakgrunnen, men på eit meir generelt grunnlag så er det veldig ille for partiet at ein ordførar finn grunn for å melde seg ut, seier Aspli.

- Det er feil bruk av partiorganisasjonen i så fall. Det som er aller verst, føler eg, er den kontrakta som er inngått med veljarane nyleg, og det meiner eg er veldig dårleg, meiner han.

Vil følgje saka

- Her er det eit brot på den tillita ho har fått frå veljarane i Ulstein, og det vil eg tru veljarane føler seg svike av, legg han til.

- Eg reknar med å bli informert, og vil sjølvsagt halde meg oppdatert på saka. Arbeidarpartiet har brukt mykje energi på å utvikle ein god organisasjonspraksis, og det veit eg at det er brukt tid til i Ulstein AP. Difor har eg stor tiltru til at våre folk i Ulstein løyser dette på best mogleg måte, fortel fylkesleiaren.

Ottar Kaldhol

Leiar i Ulstein Arbeidarparti, Ottar Kaldhol, er overraska over at Måseide trekk seg.

Foto: Henning Våge / NRK

Kjent med problem

Leiar i Ulstein Arbeidarparti, Ottar Kaldhol, seier han ikkje forstår kvifor Måseide no trekk seg.

- Dette er så lite konkret at det er vanskeleg å forholde seg til, seier han. Han meiner det ikkje har vore noko langvarig konflikt.

- Eg forstod det slik før jul at det var noko som ikkje var slik det skulle, men at det skulle føre til noko så dramatisk som ei utmelding, det hadde eg ikkje grunnlag for å tru.

Ber om orsaking

- Ja visst er dette eit svik, seier han, om det at Måseide no vel å trekke seg midt i ei valperiode.

- Som ansvarleg leiar i kommunepartiet, på vegne av partiet, må eg få be om orsaking for innbyggjarane og veljarane for at ei av våre mest framtredande tillitsvalde no ikkje står ved den kontrakta som vart inngått ved valet i haust.