Mann lasta ned overgrepsmateriale

Ein sunnmørsmann i 30-åra er dømd til fengsel i fem månader for nedlasting av overgrepsmateriale. Mannen har ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett lasta ned 825 bilete og tre videoar som viser seksuelle overgrep mot born. Mannen er også dømd for å ha delt slike bilete.