Hopp til innhold

Knivstikking i Averøy: Nabo forklarte seg i retten

Naboen, som den fornærma og barna rømde bort til etter ei knivstikking i Averøy, forklarte seg også i retten onsdag.

Han fortalde at han høyrde noko bråk og at han etter det var rask med å kome seg ut av huset. Der møtte han den fornærma kvinna og dei to barna.

– Eg møtte dei som om dei var på flukt, sa han i Nordmøre og Romsdal tingrett.

Mannen hjelpte dei tre inn i huset sitt, og dei tok kontakt med naudetatane. Han prøvde også å hjelpe den skadde medan dei venta på at ambulansen kom til staden.

Averøy-rettssak

Tiltalt for drapsforsøk i Averøy: – Eg tenkte: Herregud, kva har eg gjort

Mannen som er tiltalt for drapsforsøk i Averøy i mars i år hevdar det aldri var meininga å drepe den fornærma.