Knivstikking i Averøy: Første ambulansepersonell til staden
Ein av dei første ambulansearbeidarane som kom til staden, etter knivstikkinga i Averøy, forklarte seg i retten i dag.
Han fortalde at det først var ein uklar situasjon, at dei ikkje heilt visste kva som ville møte dei eller kvar gjerningspersonen var. Dei valde likevel ikkje å vente på at politiet skulle kome til staden, men gjorde i staden andre tiltak for å sjekke at dei trygt kunne ta seg inn i bustaden der den fornærma var.
Der fann dei den hardt skadde kvinna. Aktor Jogeir Nogva spurte ambulansearbeidaren om korleis han trudde det hadde gått om dei hadde venta på politiet.
– Då trur eg det kanskje hadde vore ei anna sak. At ho ikkje hadde overlevd, sa han og meinte det hadde vore avgjerande at dei fekk behandla og gitt kvinna medisin.
Den tiltalte mannen blei funnen kritisk skadd av politiet. Også her meinte ambulansearbeidaren at det var det marginar som gjorde at han overlevde.