Kenneth Leren, bistandsadvokaten til den fornærma kvinna som blei knivstukken i Averøy i mars, ber om at ho får ei erstatning på 400.000–425.000 kroner. Samtidig seier han det er opp til rettens skjønn å avgjere ein eventuell erstatningssum.
Ein mann i 50-åra, som kvinna var gift med, er tiltalt for å ha forsøkt å drepe ho med ein kniv. Paret var i ein prosess der dei held på å gå frå kvarandre då hendinga skjedde.
Leren la også ned ein påstand om at kvinna får meinerstatning, dersom det seinare skulle vise seg at ho får varige mein og ein invaliditetsgrad på meir enn 15 prosent.
Parets felles barn var vitne til deler av hendinga.
Inger Grete Lundemo, bistandsadvokaten til dei fornærma barna, seier det er opp til rettens skjønn å avgjer ein erstatningssum.
– Men om ein ser på det traume dei har opplevd og korleis det vil prege dei vidare i livet så meiner eg at ei oppreisingserstatning bør ligge på minst 250.000 kroner, men kanskje så høgt som det mor får, sa ho i retten.
Ho seier at ho ikkje ser grunn til å differensiere mellom barna.