Hopp til innhold

Mann funnen omkomen i Norddalsfjorden

Ein person er funnen omkomen i Norddalsfjorden på Sunnmøre. Alt tyder på at dette er mannen som fall i sjøen frå ein båt onsdag kveld.

Politi og Røde kors leter etter savnet mann i Norddalsfjorden

LEITTE ETTER MANNEN: Politiet, Røde Kors og frivillige leitte etter mannen som fall over bord. Torsdag ettermiddag blei mannen funnen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Mannen blei funnen i sjøen like ved Skrenakken i Norddalsfjorden. Dette er det same området der ein mann fall i sjøen frå ein båt onsdag kveld. Mannen er førebels ikkje offisielt identifisert.

Mannen blei funnen av dykkarar frå Ålesund brannvesen.

Store styrkar har leitt etter mannen etter at han fall i sjøen. Røde kors stilte med 5 båtar. Politiet og brannvesenet har vore i sving under leiteaksjonen, i tillegg til frivillige.

Vi har ingen haldepunkt for noko anna enn at dette er ei ulukke, seier innsatsleiar Karl Idar Vik til NRK.

Det var i 18.40-tida onsdag kveld at Sunnmøre politidistrikt først melde at ein mann hadde falle i sjøen ved Skrenakken i Norddal. Det blei raskt sett i verk ein storstilt leiteaksjon etter mannen. I halv eitttida, natt til torsdag, blei leiteaksjonen innstilt på grunn av mørket.

Frivillige leter etter savnet mann i Norddalsfjorden

Frå leiteaksjonen i Norddalsfjorden torsdag formiddag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Mannen i 40-åra var saman med ein kamerat då uhellet skjedde. Politiet utelukka alt natt til torsdag at det hadde skjedd noko kriminelt i samband med at mannen fall i sjøen.

Torsdag morgon blei det sett i verk nye søk i sjøen ved Skrenakken. Då gjekk aksjonen over til å få status som søk etter truleg omkomen person.

I 14-tida torsdag blei ein mann funnen omkomen i leiteområdet.

Førebels er det ikkje gjort noka sikker identifisering. Men vi meiner vi har funne mannen som blei meldt sakna i går, seier Karl Idar Vik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL