Hopp til innhold

Mann fall i elv i Geiranger og døydde

Mannen som fall i elva i Geiranger døde av skadane han fekk. Det er stor vassføring i elva, og mannen blei dregen fleire hundre meter heilt ned til fjorden.

Mann i elva

Her blir mannen teken opp frå fjorden. Mannen må ha blitt med elva fleire hundre meter frå området ved Hotell Union til fjorden. Helsepersonell gav mannen førstehjelp. Etter ei tid måtte dei konstatere at mannen var død.

Foto: MMS-tipsar

Leiteaksjon Geiranger

Leiteaksjonen gjekk føre seg frå Hotell Union og ned til elvemunningen ved fjorden.

Foto: MMS-tipsar

Siste: Politiet på Sunnmøre stadfester no at mannen som hamna i elva er død. Opplysningane om at mannen er fransk er ikkje stadfesta. Politiet arbeider no med å identifisere mannen.

Høyrde fleire hyl

Terje Rusten bur like ved der mannen fall i elva. Han var ein av dei første som såg det som skjedde.

Eg sto på verandaen og høyrde fleire hyl. Då forstod eg med ein gong at nokon hadde hamna i elva. Eg såg ikkje sjølve fallet, men eg høyrde korleis folk som stod nær skreik og eg såg dei peika.

Rusten såg folk som sto ved elvebreidda springe nedover langs elva. Dermed sprang han etter for å delta i leitinga.

Eg sprang nedover langs sørsida av elva. Eg såg ingenting der eg stod. Sannsynlegvis var ferda ned til fjorden ganske rask. No høyrer eg at han er plukka opp frå fjorden, seier han.

Saka held fram under bildet.

Geiranger ulukkesstad

ULUKKESSTADEN: Biletet er teke ein time etter ulukka. Turistar sit framleis ved elvebreidden. Berre eit lite tau ligg på staden som sikring.

Foto: MMS-tipsar
Geiranger

Her er ambulansehelikopteret klar til å frakte mannen til sjukehus i Ålesund.

Foto: Terje Drege Rusten

– Inga sikring

Nedanfor Hotell Union i Geiranger er det eit berg som strekkjer seg fram mot elva. Mange turistar brukar å gå ut på dette berget for å sjå elva. Også tidlegare har turistar hamna ufrivillig i elva på denne staden.

Det er inga sikring, berre eit lite tau. Det har skjedd fleire gonger at turistane går langt, langt ut på kanten, seier Rusten.

Det er ikkje stadfesta enno, men blant leitemannskapet blir det sagt at det er ein 29 år gamal fransk mann som hamna i elva. Terje Rusten snakka med ei kvinne som var i same reisefølgje som mannen.

Ho fortalde meg at mannen er fransk og er 29 år gamal. Eg oppfatta det slik at dei er turistar som har kome hit med cruisebåten som ligg på fjorden, seier Rusten.

Geiranger

Dette er det første fossestryket mannen blei kasta utfor. Staden der han fall utfor (bildet over) ligg rett rundt knausen på venstre side av biletet. I øvste, venstre bildekant kan du skimte Hotell Union.

Foto: MMS-tipsar
Her fraktes den omkomne på land.

Her blir den omkomne teken på land i Geiranger.