Hopp til innhold

Manglar tv- og radiosignal i delar av Rauma

Både tv- og radiosignalet er vekke i delar av Rauma søndag morgon, det opplyser Norkring.

Rauma kommune

Det var like etter klokka 22.00 laurdag kveld at Norkring melde om eit kraftutfall på linja deira i Rauma.

Det er områda Åndalsnes, Isfjorden, Mjelva og Venge som skal vere råka av kraftutfallet.

– Det var eit straumbrot i ein av transformatorane til Telenor som førte til at signalet falt ut, fortel driftsleiar i Norkring til NRK klokka 10.30 søndag.

Det blir no arbeida på staden for å få signalet tilbake. Det er så langt uklart kor lang tid det vil ta før signalet er tilbake.

Like før klokka 11.00 skriv Norkring at kraftlaget har lokalisert og retta ein fasefeil på kraftforsyninga til stasjonen. Tenester er framleis nede så Telenor har sendt ut ein teknikar for vidare feilsøking.

Saka blir oppdatert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL