Stor pågang
Ifølgje Statkraft er pågangen spesielt stor frå skuleklasser, politikarar og folk frå energibransjen. Statkraft har registrert fleire tusen besøkande sidan opninga.
Under vidare utbygging
Parken blir no utvida med 48 nye møller, og informasjonssjef i Statkraft, Norman Kjærvik, seier dei må ta omsyn til anleggsarbeidet som pågår no, men prøver likevel å imøtekomme alle ønskje om besøk.
Blant dei største i Europa
Når vindparken står ferdig om eit år med 68 vindmøller, vil han vere ein av dei største i Europa. Parken vil då produsere omlag 450 GWh per år. Det tilsvarer straumbehovet til 20.000 husstandar.