Hopp til innhold

Mange treng ekstra ammehjelp

Ammehjelpa i kommunane blir betre. No får tilsette på helsestasjonane opplæring i korleis dei skal gi den beste hjelpa.

Ammehjelp på helsestasjonen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange har problem

Renate Mari Aarseth

Renate Mari Aarseth er ei av mange som synes det er vanskeleg å amme.

Renate Mari Aarseth synes det er vanskeleg å amme. Men ho har fått mykje god hjelp på helsestasjonen - og det er kjempebra. Ho seier det gir ho tryggheit å vite at det er hjelp å få.

Betre hjelp

Sylvia Våge

Sylvia Våge seier ammehjelpa no blir bedre.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Vel halvparten av dei som ammar i Ålesund kjem innom helsestasjonen to til tre gongar ekstra for å få hjelp. No har alle helsesøstrene i byen fått kurs i korleis dei skal gi hjelp til dei som slit med amminga. Dette gjer at arbeidsplassane deira kan bli godkjende som ammekyndige helsestasjonar.

Tanken bak kursinga er å kvalitetssikre tenestene, seier verksemdsleiar i Ålesund, Sylvia Våge. - Alle skal få same opplæringa slik at dei ammande får den beste hjelpa, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL