Hopp til innhold

Mange skular blir nedlagde

Ein firedel av alle småskular her i landet har forsvunne dei siste åtte åra. Bigset skule i Hareid kommune er eit døme på ein skule som står i fare for å verte lagt ned til hausten.

Video Mange skular truga av nedlegging

Trusselen om nedlegging er ikkje godt motteken. Bigset skule har i dag 96 elevar og er den nest største skulen i kommunen.

Hedda Ulrikke Wingsternes Svarstad

Hedda Ulrikke Wingsternes Svarstad er glad i skulen sin

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Det er veldig mange kjekke elevar her på skulen då, det er veldig gøy å gå her og her er så koselige lærarar, seier Hedda Ulrikke Wingsternes Svarstad i 6. klasse.

Dei siste tre åra har over 150 grunnskular i Noreg blitt nedlagde. 6000 elevar er omfatta av nedleggingane. For mange bygder er skulen det einaste samlingspunktet som står att.

- Sjela blir borte

Ingunn Pettersen

Ingunn Pettersen fryktar for at heile sjela blir borte

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Hans Gisle Holstad

Ordførar Hans Gisle Holstad seier kommunen har fleire område som slit med økonomien

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Butikkane er borte, posten er borte og ikkje er der nokon naturlege samlingspunkt i små bygder. Når då også skulen fær, så fær også sjela i bygda, seier leiar i foreldreutvalet ved Bigset skule, Ingunn Pettersen.

- Du får snart så store samfunn at du ikkje eingong kjenner naboen.

Bigset skulle kunne denne veka feire 30 års jubileum. Men det kan verte eit jubileum med bismak om kommunestyret gjer vedtak i mars på om skulen vert lagt ned frå neste haust. For det er ofte elevane ved bygdeskulane som vert råka når politikarane fordeler knappe ressursar.

- Vi er i ein situasjon der vi må sjå på alle strukturar for å få eit levedyktig samfunn på alle område. Også andre store område som omsorg, slit med økonomien, seier ordførar Hans Gisle Holstad i Hareid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL