Hopp til innhold

Mange motiv frå Romsdal

Juleauksjonen til Blomqvist i Oslo byr på uvanleg mange Romsdalsmotiv av kjende kunstnarar frå 1800-talet.

Det er mange motiv frå Romsdalen i norsk 1800-talskunst, men sjeldan kan ein sjå så mange slike måleri samla som på juleauksjonen til Blomqvist Kunsthandel 11.-13. desember.

Eckersbergs "Romsdalshorn"

"Romsdalshorn" av J. F. Eckersberg
Foto: Foto

Romsdalshornet er eit sentralt motiv hos Johan Fredrik Eckersberg (1822 - 1870). Dette biletet er datert 1865. Han måla ei rekkje versjonar av dette motivet, og det vekte oppsikt då ein av versjonane blei selt for den uhøyrde prisen 2,3 millionar kroner hos Blomqvist våren 2000.

Ein annan variant av dette motivet gjekk for 840 000 kroner hos Blomqvist på haustauksjonen i november i år. Auksjonsfirmaet har same prisvurderinga på denne versjonen: 700 000 - 900 000 kr.

 

"Landskap med Romsdalshorn"

 

Peder Cappelen Thurmann: "Landskap med Romsdalshorn"
Foto: Foto

 

Morten Zondag hos Blomqvist karakteriserer dette biletet av Peder Cappelen Thurmann (1839 - 1919) som "ei lita perle". Det er ikkje datert, men det er måla av den unge Thurmann  som enno ikkje har opparbeidd den store rutinen, men som arbeider seriøst med stoffet. Prisvurdering: 15 000 - 20 000 kr.

 

"Voll i Romsdalen"

 

Even Ulving: "Voll i Romsdalen"
Foto: Foto

 

Even Ulving (1863 - 1952) var ein produktiv og populær kunstmålar. På 1880-talet budde han nokre år på Holmemstranda, og måla mange bilete frå Romsdal. Dette er frå Samset i Måndalen.
Prisvurdering: 20 000 - 25 000 kr.

 

"Ved gården Bøe i Romsdalen"

 

Jacob Calmeyer: "Ved gården Bøe i Romsdalen"
Foto: Foto

 

Jacob Calmeyer (1802 -1883) var elev av den store meister J. C. Dahl, men hadde ikkje Dahls geni og skaparkraft. Dette biletet frå Innfjorden med den karakteristiske fjellprofilen Nøsa er likevel eit godt vitnemål om ein kunstnar som var inspirert av Dahl og av norsk natur. Det er datert 1843. Prisvurdering: 18 000 - 22 000 kr.

Eit anna bilete på auksjonen som mange sikkert vil stusse over, er Georg Anton Rasmussens (1842 - 1914) "Fra Moldefjorden". Det liknar verken Moldefjorden i Romsdal eller Moldefjorden i Nordfjord. Kanskje det er ei fri attgjeving av det landskapet som har inspirert han?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL