Mange hendingar i natt

Også denne natta har rusa personar skapt uro rundt om i fylket. I eitt-tida slåst to menn i Molde sentrum. I Kristiansund var ein mann meld for urinering på offentleg stad ved to-tida. Ein mann i 20-åra blei bortvist frå Molde sentrum etter å ha krangla med vakter og vore aggressiv på ein utestad. I Volda krangla ein ung rusa mann med kompisar og blei bortvist frå sentrum. I Molde blei ein mann sett i arresten då han ikkje fulgte pålegget om å fjerne seg frå sentrum. I Kristiansund oppførte ein mann i 30-åra seg trugande overfor politiet. Han oppgav samtidig feil identitet. Ein mann i 20-åra i Kristiansund slo ei kvinne i ansiktet og krangla med andre personar. Igjen var det to menn som slåst på ein utestad i Molde i halv fire-tida. Og på Eidsnes i Sula avslutta politiet ein fest i eit bustadhus etter klager frå politiet. – No vonar vi roa kan senke seg over første søndag i advent, skriv politiet i 7-tida søndag morgon.