Hopp til innhold

Fleire ber om innsyn i adopsjonspapir: – Kan vere psykisk tungt å gå og vente

Talet på personar som ber om innsyn i adoptivsaka si hos Bufdir har meir enn tredobla seg på få år. Magnus Helio Holen meiner det tek for lang tid å få innsyn i Noreg.

Magnus Helio Holen

VENTA LENGE: Magnus Helio Holen venta i seks månader før han fekk innsyn i adopsjonssaka si hos Bufdir.

Foto: Eline Molvær Løndal / Eline Molvær Løndal

– Ein er jo alltid litt nysgjerrig på kvar livet starta. Som adoptert har du jo inga aning.

Magnus Helio Holen frå Averøy på Nordmøre snakkar om kvifor han byrja å undersøkje adoptivsaka sin som voksen.

Han var berre eitt år då han kom til Averøy frå Brasil, og som voksen vart han nysgjerrig på kven den biologiske familien hans var.

Magnus Helio Holen
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Han er ein av mange adopterte som har bede om innsyn i adopsjonssaka si hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Så langt i år har Bufdir motteke over 340 førespurnader om innsyn i utanlandsadopsjonar. Til samanlikning var det under 70 personar som gjorde det same i heile 2020.

Fekk papir frå Brasil

Holen fortel at han først søkte innsyn i papira frå Brasil. Det tok eitt år før han fekk dei tilsendt.

– Det var jo under korona, så då var mange kontor stengde. Det gjorde at prosessen tok litt lengre tid.

Men då han først fekk dei, var gleda stor.

– Dei hadde alle papir, såg det ut som i alle fall, seier han.

Magnus Helio Holen

Magnus Helio Holen meiner det er bekymringsverdig at det skal ta så lang tid å få innsyn.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Meiner det tek for lang tid

Han meiner derimot at det tok altfor lang tid å få svar på søknaden hos Bufdir.

Nordmøringen ville vere heilt sikker på at papira frå Brasil hadde alt av informasjon, derfor søkte han også innsyn hos Bufdir i Noreg.

– Eg søkte i mai og fekk svar 3. november, seier Holen, som meiner det er altfor lang tid.

Han understrekar at det ikkje var ei veldig stor sak for han som allereie hadde fått papira frå Brasil. Men han tenkjer på dei som ikkje har det.

– Det kan jo vere veldig psykisk tungt å gå og vente.

– Ventetidene skal ned

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, er samd i at det er uakseptabelt at ventetidene er så lange.

Barneminister Kjersti Toppe

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe.

Foto: William Jobling / NRK

– Vi har prioritert adopsjonsfeltet og gitt klare styringssignal til direktoratet om at ventetidene skal ned, og at ein skal auke behandlingskapasiteten på slike førespurnader, seier Toppe.

Kristin Ugstad Steinrem som er avdelingsdirektør i Bufdir, erkjenner at dei har lang behandlingstid.

– Vi har hatt ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 4,9 månader. Det har jo samanheng med det store talet førespurnader vi får, seier ho.

Men ho fortel at dei jobbar med å få behandlingstida ned.

– Det er sett inn tiltak. Ventetida er likevel på fleire månader, men om vi ikkje hadde sett inn dei tiltaka hadde det nok vore endå lengre saksbehandlingstid, seier ho og held fram:

– Vi skjønar jo sjølvsagt at det er lenge å vente for dei som ønskjer å få dokumenta sine, seier Steinreim.

Magnus Helio Holen sammen med tolken sin og sin biologiske familie i Brasil.

I mars fekk Magnus Helio Holen møte den biologiske mor si for første gong. Her er han saman med henne og tolken sin.

Foto: Privat

Første jul i Brasil

Takka vere at Holen fekk innsyn i si sak, fekk han i mars møte den biologiske familien sin for første gong.

– Det var spesielt. Det var viktigare enn eg hadde sett for meg på førehand, eigentleg.

Holen fortel at møtet med både søsken, tanter, onklar, mor har berika livet. Snart er det klart for eit nytt møte.

– Eg skal feire jul der for første gong, så det blir veldig gøy.

Christian Strand og Magnus Holen.

Magnus Helio Holen er med i Christian Strands TV-serie på NRK, «Gitt bort».

Foto: NRK

Holen er også med i TV-serien «Gitt bort» som har premiere på NRK i dag.

Les også Det tok 40 år før Christian Strand våget å gå inn i sin egen adopsjonshistorie

Christian Strand

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL