Hopp til innhold

Magne og Charlotte syng jula inn

Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen avslutta NRK Møre og Romsdal si tv-sending veslejulaftan med Silent Night, krydra med vinterlege sjåarbilde frå siste året.

Vi skal avslutte sendinga denne lille Julaften med høgtidleg song av ekteparet Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid, krydra
med nokre av dei fine sjåarbilda vi har fått siste året.

Tradisjon tru plar ekteparet Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen lage julestemning for sjåarane til NRK.

Fremmerlid frå Skodje har jobba 19 år ved Den Norske Opera, men i sommar vart han pensjonist som 55-åring. Sjølv om han har slutta i operaen, har han slett ikkje lagt songen på hylla. Den siste tida har det vore hektisk for paret, med ei rekkje julekonsertar.

– Desember er ei travel tid, men det er travelt på ein god måte, med dei flotte julesongane og pynta kyrkjene, seier Fremmerlid.

Han innrømmer at han er glad i jula og syntest det er romantisk. Å stå opp tidleg, tenne levande lys og spele julesongar, gir songaren julestemning. Han starta morgonane slik allereie tidleg i desember.

Charlotte Fongen har songoppdrag heilt fram til klokka 17 julaftan, men når ho kjem heim, reknar ho med at huset duftar av julemiddag. Det er Magne som er kokk den dagen og på menyen står dansk julemat, sidan Charlottes familie kjem frå Danmark.

– Eg elskar å lage mat, så eg tar gjerne den oppgåva, seier Fremmerlid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL