Hopp til innhold

Mageplask for badeland

Det blir ikkje badeland i Ålesund med det første.

Bade
Foto: SAMUEL KUBANI / AFP

Prosjektet er lagt på is fortel styreleiar i Stallane AS Gunnar Haagensen.

Gunnar Haagensen

Gunnar Haagensen i Stallane AS.

Foto: Aina Rødal / NRK

- Slik verda og finansmarkanaden ser ut i dag, er ikkje forventningane til bustadprisane slik at vi kan selge husvære er med gevinst og heller ikkje er det mogleg å finansiere eit slik prosjekt i dag, fotel Haagensen.

Full stopp

Tidelgare i haust vedtok kommunen å selge tomta på Øvre Utstillingsplass til selskapet som vil bygge nytt badeland i sentrum av Ålesund, men no set finanskrisa ein stoppar for planane.

- Vi har planlagt korleis det skal sjå ut, men eg ser ikkje på det som realistisk å be dei eksisterane aksjonærane om meir pengar eller nye aksjonærar om pengar for å løfte prosjektet.

Håper på framtida

Haagensen veit ikkje når planane kan takast fram att.

- Hadde eg visst det hadde eg vore spåmann. Vi får håpe finansmarknaden roar seg og at det blir mogleg å gjennomføre byggeprosjekt igjen. Kanskje i 2009/2010, avsluttar Haagensen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL