Hopp til innhold

Må vurdere førelegg

- Vi må vurdere dette for å finne ut kva vi gjer, seier Bourbon-direktør Trond Myklebust om bota selskapet i dag fekk.

Administrerande direktør i Bourbon offshore, Trond Myklebust.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Selskapet må betale eit førelegg på fem millionar kroner etter Bourbon Dolphin-forliset i april i 2007.

Det har statsadvokaten avgjort måndag.

- Eg har ikkje fått lest førelegget sjølv, men berre fått det referert over telefon. Vi får vurdere det utover veka, og ta stilling til kva vi gjer, seier Myklebust.

Han trur ikkje dette førelegget vil påverke den dialogen dei har med dei pårørande etter ulukka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL