Hopp til innhold

5 millionar i bot til Bourbon

Bourbon Offshore må betale fem millionar kroner i bot etter Bourbon Dolphin-forliset i 2007.

Bourbon Dolphin
Foto: BOURBON OFFSHORE NORWAY AS / AFP

Bota kjem som ei følge av manglande rutiner og instruksar i forkant av operasjonen som kosta åtte personar livet.

I tillegg hadde ikkje reiarlaget gode nok prosedyrer for fartyet, seier statsadvokat Bjørn Soknes.

- Det som ligg til grunn er ei grundig etterforsking som er gjort av politi og sjøfartsinspektøren. Sjølvsagt er det også basert på det havarikommisjonen kom fram til då dei la fram sin rapport i 2008, seier Soknes.

Vanskeleg å avgjere summen

Reiarlaget har ei inntening på fleire hundre millionar kroner årleg, og summen var vanskeleg å kome fram til, seier Soknes.

- Då må ein sjå på kva reiarlaget eventuelt sparte ved å ikkje gjennomføre jobben på skikkeleg måte, og vi må tenke på det preventive. Fem millionar er det vi har kome fram til, fortel han.

Statsadvokaten har avgjort at det ikkje skal gjerast straffeforfølging av privatpersonar. No blir dette eit viktig signal, meiner Soknes.

- Eg trur dette er ganske viktig. Dei to punkta som ligg i førelegget har prinsipiell tyding for næringa, trur vi.

Også kritisert tidlegare

Bourbon dolphin

Bourbon Dolphin gjekk rundt utanfor Shetland i april 2007.

Foto: HM COASTGUARD / SCANPIX

Havarikommisjonen har kome med kritikk tidlegare av både Ulstein verft som bygde båten, og Veritas som godkjende båten. Dette har hatt innverknad på politietterforskinga.

- Vi har ikkje funne ut at det er naudsynt å forfølgje verftet strafferettslig, seier Soknes.

Om dette no får tyding for erstatningskravet frå dei pårørande er heller ikkje noko statsadvokaten har teke stilling til.

Båe tilhøva er også omtalt i rapporten frå granskingskommisjonen som vart sett etter forliset.