Må skatte for frikort
Frå nyttår mistar landets bussjåførar retten til å reise gratis i eit fylke, når frikortet sjåførane får til seg sjølv og familien, blir skattlagt. Her i fylket er frikortet verdt 78 000 kroner for ein familie med to barn. Ifølge Transportarbeidarforeininga kjem mange difor til å takke nei til frikortet, skriv Klassekampen.