Hopp til innhold

Livstruande skadd etter å ha køyrt i fjellveggen

Ein mann i 20-åra er livstruande skadd etter å ha køyrt i fjellveggen i Rotsethorntunnelen i Volda natt til søndag. No undersøkjer politiet alle videokamera i området.

Volda ulykke

Mannen i 20-åra er ifølgje politiet send til St. Olavs Hospital i Trondheim med livstruande skadar.

Operasjonsleiar John Kåre Flo seier dei no vil undersøkje alle videokamera på bensinstasjonar i området for å sjå om dei kan finne bilen der.

- Vi har inga formeining om kva som har skjedd før bilen køyrde inn i fjellveggen, seier Flo.

Politipatulje til St. Olavs Hospital

Ifølgje politiet vil også ein patrulje frå Trondheim kontakte mannen på sjukehuset for å forsøkje å få avhøyrt mannen.

- Dei oppsøkjer han og snakkar med han dersom det er mogleg, seier Flo. Han seier politiet ikkje har mistanke om promille etter den alvorlege ulykka.

Tunnelen framleis stengd

Rotsethorntunnelen var søndag stengd i fleire timar, og også Statens havarikommisjon for transport undersøkte staden.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL