Hopp til innhold

Leiteaksjon i Ålesund avslutta

I Ålesund har politiet leita etter ei asiatisk mor og eit barn på fire år.

Leiteaksjon Åse

I dette området på Åse har politiet gått frå dør til dør for å høyre om nokon har sett kvinna og det fire år gamle barnet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet melde om leitaaksjonen i 11.30-tida, og opplyste då at leitinga var konsentrert til Moa og Spjelkavik-området. Der skulle kvinna ha vore sett litt tidlegare.

Like etter klokka 13 melde politiet at leitinga var avslutta og at dei to var kome til rette.

Mykje politi deltok i aksjonen, og dei gjekk mellom anna frå dør til dør for å høyre om nokon hadde sett kvinna og barnet. Røde Kors blei dessutan og beden om hjelp.

Politiet ønskjer ikkje å seie så mykje om kvifor dei sette i gang leitinga, men sa at dei var uroa for tilstanden til dei to.