Hopp til innhold

Fann sakna mann i Surnadal

Det vart starta leiteaksjon då ein mann i 40-åra drog ut i open båt og ikkje kom heim. Klokka 23.25 meldte politiet at mannen er funnen.

Surnadalsfjorden

Politiet fekk melding frå ein nabo som var bekymra klokka 20.53. Då hadde ikkje familien hatt kontakt med han sidan i 20-tida. To timar tidlegare hadde mannen reist ut i open båt.

Både redningsskøyta, politi og Røde Kors deltok i søket etter mannen, i Surnadalsfjorden, på strekinga Tussvika til Glæremsneset.

Det var redningsskøyta som fann mannen i båten på fjorden.

– Han er vaken og i god behald. Han er sjølvsagt kald, seier operasjonsleiar Siri Engdahl.

Mannen blir sendt til sjukehus. Politiet veit ikkje kva som har skjedd anna enn at mannen skulle flytte båten, som er 15 fot stor og open. Det var vatn i båten då mannen vart funnen.