Hopp til innhold

Sakna mann hadde reist til Austlandet

Leiteaksjonen etter ein sakna mann i Vestnes er avslutta. Politiet har fått opplysningar om at mannen er på Austlandet.

Leiteaksjon i Vestnes

Politiet og Røde Kors leitar etter ein sakna mann.

Foto: tipsar

Politiet på Sunnmøre fekk melding frå familien til mannen i 13.30-tida tysdag om at han var sakna. Mannen vart sist sett i heimen i Fiksdal måndag kveld mellom klokka 22.30 og 23.

No har politiet fått vite at mannen er på Austlandet.

– Familien er bekymra og har bedt oss om å assistere, sa operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Tor-Andre Gram Franck, då politiet sette i gong leitinga.

Åtte patruljar frå Røde Kors og politistyrkar leitte etter mannen langs vegen i nærområdet.

Politiet etterlyste også ein svart BMW, som høyrer til mannen.

Fiksdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL