Hopp til innhold

Lege får kritikk av fylkeslegen

Fylkeslegen konkluderer med at ein lege på Sunnmøre har brote lova etter at ei kvinne miste store mengder blod og seinare døydde. Kvinna skal ha oppsøkt legen i fjor haust, og hatt klare indikasjonar på at noko var gale. Først dagen etter blei ho send på sjukehus, og då var det for seint, og kvinna døydde av hjartestans. Fylkeslegen konkluderer med at legen burde gjort meir, og at legen ikkje har gitt henne forsvarleg hjelp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL