Hopp til innhold

Låst dodør var ei misforståing

Den tyske kvinna som var innelåst på ein do på Trollstigen i kveld, kom seg ut ikkje lenge etter at politiet melde frå om situasjonen. Det ein først trudde var ei dør i vranglås, viste seg å vere ein butikkeigar som hadde låst døra frå utsida i trua på at dei siste turistane hadde dratt for kvelden. Det opplyser vegtrafikksentralen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL