Hopp til innhold

Låneforbod for tre nye kommunar

Dårleg økonomi gjer at tre nye kommunar i Møre og Romsdal får forbod mot å ta opp nye lån. Fylkesmannen er svært uroa over situasjonen.

Kronestykker

Tre nye kommunar i Møre og Romsdal får låneforbod.

Foto: NRK

Fylkesmann Lodve Solhom har no ti kommunar som han må følgje nøye med når det gjeld økonomi. Hareid, Stranda og Midsund er dei tre siste kommunane som kom på lista.

– Ti kommunar er ti for mange, og eg fryktar det kjem fleire på denne lista i løpet av 2012, seier Lodve Solholm.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Kontrollerte alle

I 2011 gjennomførte Fylkesmannen kontroll med alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal. Den viste at svært mange kommunar slit med økonomien, og at lånegjelda er for stor.

ROBEK-lista

Kommunar som ikkje greier å handtere lån og gjeld blir sett under administrasjon. Dei kjem på ROBEK-lista, noko som fører til at den økonomiske handlefridomen er svært avgrensa. Før desse kommunane kan ta opp nye lån må dette godkjennast av Fylkesmannen.

Kommunar på lista:

  • Hareid (ny)
  • Stranda (ny)
  • Midsund (ny)
  • Kristiansund
  • Sande
  • Ørsta
  • Sykkylven
  • Vestnes
  • Fræna
  • Gjemnes

Viktig med balanse

I løpet av våren får Fylkesmannen alle økonomiplanar og budsjett frå kommunane i fylket. Solholm seier mange kommunar vil få lågare inntekter i år, kombinert med auka utgifter. Dette byr på utfordringar.

– Mi oppmoding til kommunane er at dei tenkjer gjennom kva utgifter og inntekter dei har, slik at det blir balanse mellom desse, seier Solholm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL