Det var den nye museumsreforma som fekk det til å skjere seg mellom Romsdalsmuseet og Landsbruksmuseet på Gjermundnes. Landbruksmuseet skal no ligge under Romsdalsmuseet i Molde, men det vil dei ikkje godta før dei får ein eigen driftsleiar på Gjermundnes. Fylket har kutta all bemanning og økonomisk støtte til Landbruksmuseet på grunn av striden og museet har vore stengt sidan nyttår. Styreleiar Guttorm Kjelsvik seier situasjonen no er svært vanskeleg.
-Må gi pengar
Ola Heggem frå Senterpartiet meiner politikarane må gripe inn og gi pengar til Landbruksmuseet slik at dei kan opne i sommar. Han vil vil ikkje at fylkestinget skal løyse sjølve den fastlåste konflikta, men enn så lenge gå inn med pengestøtte.
Guttorm Kjelsvik og representantar frå Landbruksmuseet vil kome på fylkestinget som startar i dag, der vil dei prøve å møte med dei ulike gruppeleiarane for partia
Landbruksmuseet på Gjermundnes. Foto: Gjermundnes v.g. skule