Ida Siem er instruktør på kurset.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– No øver vi på kameratredning, så vi har gravd ned ein sendar som vi skal finne, seier instruktør Ida Siem, medan deltakarane står klare med spadene.
Verdien av ein skredsøkar når uhellet er ute, er eitt tema dei skal innom på det såkalla «skikompiskurset » på Overøye i Stordalen denne veka. Kurset går over to dagar, er gratis og er for ungdom mellom 16 og 18 år.
Sofie Flaate Busengdal og Stine Kylling Maruing får mykje ny informasjon under kurset.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Eg melde meg i hovudsak på kurset fordi eg syns det er viktig å lære om skred, seier Sofie Flaate Busengdal.
Ho er ein av deltakarane på kurset, og syns ho har lært mykje så langt.
– Eg likar å gå på toppturar og då er det lurt å kunne litt om kvar det kan gå skred og kjenne seg meir trygg i fjellet.
Frå fire til seks deltakarar får informasjon frå ein eigen instruktør. Målet: Å gjere dei betre i stand til å passe på kvarandre på skitur, følgje med under køyring og ta fornuftige vegvalg når dei ferdast i fjellet. Og det er mykje å lære.
Får verktøy for å klare seg i fjellet
Skianlegget på Overøye har besøk av mange som skal lære om skredfare denne veka.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKFrå fire til seks deltakarar får informasjon frå ein eigen instruktør. Målet: Å gjere dei betre i stand til å passe på kvarandre på skitur, følgje med under køyring og ta fornuftige vegvalg når dei ferdast i fjellet. Og det er mykje å lære. Det er nemlig langt frå nok å vere god på ski, seier Siem.
– Det er mange som køyrere kjempebra på ski, men dei har ikkje verktøya til å sikre seg. Det prøver vi å lære dei her.
– Vi har lært å ta vurderinga og om kor bratt det kan vere for at det kan gå skred, seier Stine Kylling Mauring.
Også ho syns det er vel verd tida å bruke vinterferien til å lære om skred.
– Det er viktig å vite om dette før du skal på tur, seier ho.