Hopp til innhold

Kvinne utsett for vald på hotell

Ein mann i 40-åra er arrestert for vald mot ei kvinne på eit hotell i Geiranger. Kvinna er lettare skadd, opplyser politiet.

Geiranger

Det var søndag morgon at politiet fekk melding om hendinga i Geiranger. Ambulanse og brannvesen rykte først ut til staden.

– Kvinna vart utsett for vald og det var også uro på staden, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård. Mannen og kvinna budde ved hotellet, men politiet vil ikkje kommentere om dei to er eit par.

Kvinna er lettare skadd. Den mistenkte mannen i 40-åra er arrestert.

– Politiet etterforskar saka vidare, seier Ødegård.