Hopp til innhold

Kvinne omkom i trafikkulykke

Ei eldre kvinne omkom av skadane ho fekk då ho blei påkøyrd av ein bil i Kristiansund i natt, melder politiet.

Trafikkulykke Kristiansund 090218

Ei eldre kvinne omkom i ei trafikkulykke like etter midnatt.

Foto: Roar Halten / NRK

Det var like etter 00.00 natt til fredag at politiet fekk inn ei melding om ei trafikkulykke i Kristiansund.

– Det var føraren av bilen som melde frå om at han hadde køyrd på ei kvinne i eit bustadområde i Kristiansund, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar for politiet i Møre og Romsdal.

Føraren blir varetatt

Kvinna omkom som følgje av skadane ho fekk i trafikkulykka. Føraren av bilen blei ikkje fysisk skadd i ulykka, men blir varetatt av helse på staden.

– Føraren er sjølvsagt prega av det som har skjedd, seier Ferstad og vektlegg at det ikkje er mistanke om rus.

Etterforskar saka

Politiet har i natt jobba med teknisk og taktisk etterforsking.

– Vi har to kriminalteknikarar på staden som held på med undersøkingar og jobbar med å finne ute kva det er som har skjedd, sa Ferstad til NRK 06.00-tida fredag.

Saka vil bli etterforska vidare av politiet i Kristiansund.

– Vi jobbar framleis med å kartlegge kva som har skjedd. Bilføraren har så langt ikkje vore i stand til å la seg avhøyre, seier politiinspektør Yngve Skovly i Kristiansund til NRK i 10-20-tida fredag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL