Hopp til innhold

Kvinne hamna i sjøen då ho skulle parkere

Kvinna skal ha mista kontrollen på bilen då ho skulle parkere og køyrde på sjøen ved Hammerkaia i Surnadal.

Bil i sjøen i Surnadal

Kvinna vart ikkje skadd då ho køyrde bilen i elveosen ved Hammerkaia i Surnadal.

Foto: Lisa Flostrand / Driva

Politiet fekk melding om at ein bil låg i sjøen onsdag ettermiddag klokka 14.37.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka til at ho køyrde i elva i staden for å fortsette langs vegen, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl. Staden der ho køyrde ut har ein høgdeforskjell på fire meter. Bilen hamna i elveosen ved Hammerkaia.

Tidens Krav skriv at utforkøyringa skjedde då kvinna skulle parkere bilen.

Kvinna i 70-åra frå Ålesund var åleine i bilen då ulukka skjedde og ho hadde låg fart.

– Ho vart tatt med av ambulanse for ein rutinesjekk, seier Kjøl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL