Hopp til innhold

Kvinne dømd for å ha lurt millionbeløp frå to uføre

Småbarnsmora på Sunnmøre klarte å svindle til seg både arven og alle sparepengane frå eit sambuarpar.

Ålesund politistasjon

No er ei sunnmørskvinne dømd til å betale tilbake over 1,5 millionar kroner.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sunnmørskvinna som no er dømd skaffa seg ei ekstrainntekt av dei sjeldne. I over tre år klarte ho å lure eit sambuarpar i bygda til å betale henne over 1,5 millionar. Ifølgje den ferske dommen svidde ho av ein halv million på reint forbruk berre i løpet av ein månad.

Samtidig blei sambuarane stadig fattigare.

Alt tyder på at det uføre sambuarparet ikkje ante noko som helst om svindelen venninna utsette dei for.

Paret hadde råderett over eigen økonomi, men så klare kognitive vanskar at berre ein av dei klarte operasjonen med å føre over pengar.

– Eg kan ikkje tenkje meg at det er noko som er verre enn dette. Ho har øydelagt svært, svært mykje for nokre som ikkje er i stand til å gjere noko med det, seier ein av dei pårørande.

NRK kjenner identiteten hans. Han ønskjer ikkje å stå fram med namn av omsyn til sambuarparet.

Finansierte forbruk, bil og lån

Saka blei rulla opp då ein av dei pårørande oppdaga av paret ikkje lenger hadde pengar til det mest nødvendige. Familiane visste at begge var i fast jobb hos ei kommunal bedrift, hadde hatt pengar på sparekonto og ein arv på fleire hundre tusen kroner.

Så fortalde dei to til familien sin om ein uvanleg kontakt med ei kvinne i bygda dei berre så vidt visste kven var. Og at dei trudde dei var i ferd med å misse huset og hamne i fengsel.

Då gjekk alarmen.

Etter kvart klarte politiet å spore opp kvar formuen hadde tatt vegen, og i retten blei det lagt fram ein detaljert oversikt over pengestraumen:

  • Kontooverføringar frå paret til kvinna: nesten 1,2 millionar kroner
  • Kontantutbetalingar til kvinna: 168 700 kroner
  • Kjøp av bil til kvinna: 90 000 kroner
  • I tillegg betalte sambuarparet mobiltelefon til kvinna og depositum på 20 000 kroner i samband med husleige.
  • Utan å vite det sponsa dei også billån til kvinna sin ektemann og betalte over 30 000 kroner til mora hennar.
  • Også kvinna sin tidlegare sambuar fekk tusenvis av kroner frå kontoane til paret.

Nyleg blei småbarnsmora dømd i Møre og Romsdal tingrett til fengsel i to år. I retten nekta ho for å ha lurt sambuarparet. Ho hevda at ho hadde lånt pengane frå dei, og at intensjonen var å betale tilbake.

– Tiltalte er ikkje fullt ut einig i premissane i dommen, men har valt å ikkje anke fordi ho ønskjer å legge saka bak seg, seier advokaten hennar, Krister Øie Braute.

Krister Øie Braute, forsvarsadvokat

Kvinna sin advokat, Krister Øie Braute, seier ho ikkje ankar saka og ønskjer å legge saka bak seg.

Foto: Linn Cathrin Olsen / SCANPIX

Bombardert med tekstmeldingar før lønningsdag

I dommen frå Møre og Romsdal tingrett blir det slått fast at småbarnsmora pepra dei to med tekstmeldingar. Spesielt rett før lønningsdagen deira, sende ho melding etter melding.

Her trua ho dei med politi og namsmann dersom dei ikkje betalte, og framstilte det som om hennar eigne lån også var deira:

«Tiltalte presenterte seg her som den gode hjelper, som kunne reddet både de fornærmede og seg selv fra kreditorforfølgning, fengsling og annen ulykke. De fornærmede ble gjennom flere år nærmest bombardert av tekstmeldinger, med betalingskrav og svært korte tidsfrister. Enkelte meldinger fremsto som rene trusler.»

Eit stort tal med tekstmeldingar mellom partane blei lagt fram i retten:

12.10.2019 kl 12:54:55

S:Vi har ingen penger før vi for trygd for vi er nesten blakk vi er heilt tom vi no so ingen penger för vi for trygd på fredag desverre vi har ting og bet på vi med

12.10.2019 kl 12:56:18

K:Det er ingen diskusjon og nå må eg levere tlf men anmeldelsen ligger og til 15.30 og han sjekker til han reiser 15.00 dette er alvor

Håper å få tilbake pengar

Dei pårørande håper no at sambuarparet kan få tilbake noko av pengane dei ein gong hadde. Etter at svindelen blei oppdaga og stoppa, har dei halde fram arbeidet sitt i ei kommunal bedrift. Ifølgje familien har dei begynt å bygge opp att økonomien sin.

I tillegg til fengselsstraffa, er sunnmørskvinna dømd til å betale tilbake alt ho har svindla til seg.

– Det er det næraste vi kjem ei slags rettferd i dette. Det er etter mitt syn ein korrekt dom, seier ein av dei pårørande til NRK.