Dei pårørande forstod ingenting då sambuarparet ikkje lenger hadde pengar til å klare seg, og måtte be familien om økonomisk hjelp. Begge har tilrettelagt arbeid i ei kommunal verksemd, og ein av dei hadde nettopp arva fleire hundre tusen. Likevel var det tomt på kontoane til både kvinna og mannen.
Då familien fekk tilgang på kontoutskriftene til sambuarparet, skal dei ha sett at det var store pengeoverføringar til ukjende kontonummer. Dei viste seg å tilhøyre kvinna som no er tiltalt for grovt bedrageri.
– Vi fekk hakeslepp då vi såg kor store beløpa det var snakk om, og innsåg at dei sto på bar bakke begge to, med forbrukslån og tomme kontoar, seier ein av dei pårørande til sambuarparet.
Han ønskjer ikkje å stå fram med namn, av omsyn til familien, men NRK kjenner identiteten hans.
Skal ha trua med politi
Politiet har no tiltalt ei kvinne på Sunnmøre, for grovt bedrageri.
I løpet av halvanna år i 2017 og 2018 skal ho ha lurt sambuarane til å overføre over ein million kroner, i tillegg til nesten 170 000 kroner i kontantar.
Kvinna er også tiltalt for å ha fått dei til å betale for ein bil, billånet til ektemannen, mobilrekningar og husleige. Sambuarparet skal også ha betalt over 30 000 kroner til mora til den tiltalte kvinna, og bilforsikring til ein kjenning.
I tiltalen kjem det fram at kvinna skal ha sagt at politi og namsmann ville kome på døra, om dei to ikkje betalte.
Politiadvokat Hilde Haugen ved Møre og Romsdal politidistrikt vil ikkje kommentere saka.
Politiadvokat Hilde Haugen er svært forsiktig med å kommentere saka.
Foto: Politiet i Møre og RomsdalHar ikkje håp om full erstatning
Dei pårørande ventar no på rettssaka i Møre og Romsdal tingrett neste månad. Der håper dei at kvinna blir dømd for bedrageri, men fryktar at ho ikkje har økonomi til å betale ei eventuell erstatning.
Krister Øie Braute, som forsvarar den tiltalte kvinna, vil ikkje kommentere saka.
Foto: Linn Cathrin Olsen / SCANPIXSambuarparet er framleis i arbeid i ei kommunal verksemd, og ifølgje familien godt i gang med å betale ned forbrukslån som dei skal ha tatt opp for å betale kvinna.
– Det er heilt frykteleg å tenkje på kva dei har vore gjennom og vore utsett for over så lang tid. Vi håper det finst eit system som gjer at dei kan få tilbake pengane sine, at dei kan få leve eit godt liv, seier han.
Kvinna sin advokat, Krister Øie Braute, seier ho ikkje vedgår straffskuld, og vil elles ikkje kommentere tiltalen.