Kvar er dette?
Her ser vi Skotholmen på Remøya. Vi gratulerer Borger Østby som vinnar av konkurransen og sender premie til Skarnes.
Her ser vi fjellet på Runde i Herøy. Vi gratulerer May Borvik som vinnar av konkurransen og sender premie til Straumgjerde.
Her ser vi Jendemsfjellet, eit av dei mest populære turmåla i Fræna. Vi gratulerer Odd Perry Pedersen som vinnar av konkurransen og sender premie til Volda
Dette bilete er teke frå Kvamsøya med Ristesundsanden i framgrunnen, Riste til venstre, og Dollsteinen på Sandsøya til høgre. Vi gratulerer Gunhild Øksne som vinnar av konkurransen, og sender premie til Folkestad.
Vi gratulerer Gunn Henden som vinnar av denne runden av 'Kva(r) er dette?'. Ho skriv heilt riktig at dette biletet er teken frå Strandafjellet, frå alpinanlegget, i Stranda kommune. Her har ein utsikt innover Storfjorden. Vi sender premie til Averøy.
Her ser vi Skodje kyrkje, ei langkyrkje frå 1860. Vi gratulerer Alida Garberg som vinnar av konkurransen og sender premie til Kristiansund.
Fleire har tippa på Slogen, Liadalsnipa og Innerdalstårnet denne gongen, men det er også mange som har sendt oss rett svar. Her ser vi den karakteristiske profilen til fjelltoppen Straumshornet (976 moh.) som ligg i Sykkylven kommune. Vi gratulerer Steinar Lamo som vinnar av konkurransen, og sender premie til Stordal.
Rett svar på denne oppgåva er Skageflå, ein fråflytta fjellgard som ligg på ei fjellhylle ca. 250 m. over Geirangerfjorden. Skageflå vart verdskjend, og svært attraktivt som turmål, etter at Dronning Sonja og Kong Harald valde garden som arena for å feire sitt sølvbryllaup med 30 kongelege gjestar frå heile Europa i 1993. Vinnar av konkurransen er Jan Olav Høyberg, og vi sender premie til Skodje.
Her har fotogragen vore på Romsdalsmuseet i Molde. Vi gratulerer Steinar Lamo som vinnar av konkurransen og sender premie til Stordal.
Dette paret står på Sukkertoppen i Ålesund, og dei har utsikt mot Godøyfjellet som stikk opp av tåkehavet. Vi gratulerer Knut Gjerde som vinnar av konkurransen og sender premie i posten.
Rett svar på denne oppgåva er Bolsøybrua, som ligg i Molde kommune. Bolsøybrua er ein del av fylkesveg 64, og kryssar Bolsundet mellom Grønneset på fastlandet og Bolsøya. Vi gratulerer Asbjørn Einar Molaup som vinnar av konkurransen, og sender premie til Molde.
Her ser vi Herdalssetra som ligg i Norddalen, ca 30 min. frå Geiranger. På setra kan du få nærkontakt med mjølkegeiter, kyr, sauar og fjordhestar. Gamle tradisjonar blir haldne i hevd med ysting av geitost og produksjon av ekte geitmjølkskarameller. Vi gratulerer Lene Gjelsvik som vinnar av konkurransen og sender premie til Valderøya.
Dette ankeret finn du på Haugsholmen i Sande kommune. Haugsholmen har i fleire hundre år vore ein av dei sentrale handelsstadane på Sunnmøre, men no er det kun ein familie som er fastbuande på den vesle øya. Vi gratulerer Geir Nilsen som vinnar av konkurransen og sender premie til Leikanger.
Rett svar på denne oppgåva er Eidsdal i Norddal kommune. På biletet ser vi også ei av fergene som trafikkerer sambandet Eidsdal-Linge. Roger Thalberg var ein av mange innsendarar med rett svar. Vi gratulerer han som vinnar av konkurransen, og sender premie til Värnamo i Sverige.
Vi gratulerer Karl-Håkon F. Eriksen som vinnar av konkurransen. Han visste at dette biletet er tatt på Farstadsanden i Fræna kommune. Han legg til at garden i bakgrunnen er kalla Farstadberget, og at vi ser Laksberga ytst på neset. Premien sender vi til nettopp Farstad.
Denne spreke gjengen var på veg til fjelltoppen Saksa. Vi ser ned mot Urke og innover Norangsfjorden mot Øye. Asbjørn Molaup var ein av mange innsendarar med rett svar. Vi gratulerer han som vinnar av konkurransen og sender premie til Molde.
Rett svar på denne oppgåva er Gjemnessundbrua. Gjemnessundbrua er ei hengebru som kryssar Gjemnessundet mellom Gjemnes på fastlandet og Bergsøya. Denne brua har ein av dei største krykkjekoloniane i landet. Krykkjene har brua som hekkeplass, og kvart av bruspenna er besatt av krykkjereir. Vi gratulerer May Borvik som vinnar av konkurransen, og sender premie til Straumgjerde.
Her ser vi Romsdalstrappa, ein steinlagt sti opp mot det nye utsiktspunktet over Åndalsnes. Den same stien fører opp mot byfjellet Nesaksla. I fjor sommar vart det hyra inn sherpaer heilt frå Nepal for å utbetre stien. Vi gratulerer Alf Erling Skar som vinnar av konkurransen, og sender premie til Frei.
Rett svar på oppgåva er Rovdestranda i Vanylven kommune. Vi gratulerer Alf Petter Slettevoll som vinnar av konkurranse. Premie er sendt til Volda.
Her har fotografen vore på tur til Kråkholmen i Fræna kommune. Ho har utsikt mot Teistklubben. Vi gratulerer Borger Østby som vinnar av konkurransen, og sender premie til Skarnes.
Her ser vi Ørsta som speglar seg i fjorden. Vi gratulerer Lars Olav Vanberg som vinnar av konkurransen, og sender premie til nettopp Ørsta.
Denne gongen hadde vi kanskje vald ei litt vanskeleg oppgåve, men det var likevel fleire innsendarar med rett svar. Øyvind Steinsønes var ein av dei som visste at dette biletet var frå Steinsøya i Smøla kommune. Vi har sendt premie til Kristiansund.
Rett svar på denne oppgåva er Flåvær, ei lita gruppe med holmar og skjær i Herøyfjorden. Vi gratulerer Ronald Måseidvåg som vinnar av konkurransen og sender premie til Fiskarstrand. Han skriv at øyane vi ser i framgrunnen på biletet er Store og Lisje Sandøya, med Varholmen lengst vest, der Flåvær fyr er plassert.
Denne steinformasjonen finn du i Molnesfjøra på Vigra. Fleire trudde at dette var den kanskje meir kjende Kannesteinen, men den ligg i Sogn og Fjordane. Det var også fleire som hadde riktig svar. Vi gratulerer Magnar Lyngstad frå Godøya som vinnar av konkurransen.
Riktig svar på oppgåva denne gongen var Rollonhytta på Sulafjellet. Frå parkeringsplassen på Eikrem går det ein flott turveg heilt fram til hytta. Vi gratulerer Oddmund Reite, Ålesund, som vinnar av konkurransen.
Vi gratulerer Berit Sperstad som vinnar av årets siste 'Kva(r) er dette? Ho visste at dette var skihytta i Molde. Premien har vi sendt heilt til Mo i Rana.
Denne gongen kan vi gratulere Arnfinn Løfaldli som vinnar av konkurransen, og vi sender premien til Rindalsskogen. I biletet ser vi Storseisundbrua. Dette er den lengste av åtte bruer på den nasjonale turistvegen Atlanterhavsvegen.
Her ser vi Lepsøyrev fyr som ligg i Haram kommune. Fyret er bygd på ein 220 m. lang molo, og blei tend for fyrste gong i 1879. Tidligere hadde det lagt fyrskip i leia utanfor revet. Fyret fekk elektrisk straum i 1930. I 1956 vart det automatisert og avbemanna. Vi gratulerer Jan Erik Hjelseth i Langevåg som vinnar.
Riktig svar på oppgåva denne gongen var Kristiansund, Sundbåtkaia. I biletet ser vi Klippfiskkjerringa. Denne skulpturen var ei gåve til byen frå Kristiansunds handelsstand i forbindelse med 250-årsjubileet i 1992. Vinnaren denne runden heiter Anne Berit Hjørungdal. Vi sender premien til Hjørungavåg.
Her ser vi Ullasund bru. Brua kryssar Ullasundet mellom Haramsøya og Flemsøya. Egil Verpeide var ein av fleire som visste kvar dette var, og han er vinnar av konkurransen denne runden. Premie er på veg til Haramsøya.
1. Denne dama var på fjelltur på Nipa/Gjøna, Gurskøy. Ho har utsikt mot Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Stadtlandet. Denne gongen sender vi premien til Håkon Almelid frå Folkestad.
1. Riktig svar denne runden var Katavågen i Borgundgavlen. Vi ser Larsnesbuda i bakgrunnen. Fleire svarte Sunnmøre Museum, dette er også godkjent som riktig svar. Premievinnar er Solfrid T. Leithe frå Ålesund.
1. Denne runden kan vi gratulere Anne Gøril Molaup som vinnar. Ho visste at dette populære fotomotivet er Innerdalstårnet (1452 moh) i Sunndal kommune. Premie er på veg.
1. Riktig svar på oppgåva denne gongen var Prestefjøra på Sjøholt i Ørskog kommune. Vinnaren skriv til oss at ho er oppvaksen her, men premien sender vi no til Malvik kommune. Vi gratulerer Siv Trana.
1. Denne gongen hadde vi kanskje vald ei vanskeleg oppgåve, men det var fleire som hadde klart å løyse den. Dama på biletet var på sykkeltur i Vermedalen i Rauma og vi skimtar profilen til Døntiden i bakgrunnen. Vi gratulerer Anne Sletta Skaugerud som vinnar denne runden, og premien blir sendt heilt til Gjøvik.
1. Nokon trudde at dette sommarmotivet viste Ikornesbrua i Sykkylven, andre tippa Bolsøybrua, men dei aller fleste hadde svart heilt riktig Eiksundbrua. Monge nemnde også den karakteristiske profilen til Liadalsnipa i bakgrunnen. Vinnar av konkurransen denne gongen er Petter Sætre frå Gurskøy.
1. Her står fotografen ved Slettafossen i Rauma. Vi hadde monge innsendarar med riktig svar og fleire kunne fortelje at dei hadde besøkt kiosken til høgre i bilete og nytt synet av dei buldrande vannmassene. Premien denne gongen går til Volda og Odd Perry Pedersen.
1. Riktig svar på oppgåva denne gongen var Alnestind. Vinnar var Johan Inge Kjellstad frå Hellesylt. Premie er sendt i posten.
1. Riktig svar på oppgåva denne gongen var Masdal på Vartdalstranda, med Masdalklova i bakgrunnen. Vinnar var Stig Vidar Ertesvåg frå Fiskerstrand.
Vågsøy Kirke
Skodjebruene
Stranda
Åndalsnes
Vestnes
Fosnavåg
Futura
Finnøy
Vågen