1/12 Regjerande meister
Kva lag vann meisterligaen sist sesong, altså 2017–2018?
2/12 Matchvinnar
Ole Gunnar Solskjær vart matchvinnar då Manchester United vann meisterligafinalen i 1999. Men kva lag var det Manchester United slo 2–1 i Barcelona?
3/12 Flest sigrar
Kva lag har vunne meisterligaen flest gonger?
4/12 Champions League
I denne quizen kallar vi turneringa meisterligaen både før og etter 1992 – då turneringa endra offisielt namn til UEFA Champions League, etter å ha blitt kalla serievinnarcupen før det. Men kva lag vann turneringa i 1992–1993?
5/12 Brian Clough
På slutten av 70- og starten av 80-talet var engelske lag svært dominerande i meisterligaen. Kva lag leia Brian Clough til siger i meisterligaen både i 1979 og 1980?
6/12 Flest kampar
Kven har spelt flest kampar i meisterligaen?
7/12 Rosenborg
Det høyrest kanskje litt fjernt ut i dag, men i mange år var Rosenborg eit fast innslag i meisterligaen. Kva var trønderane sin beste prestasjon i meisterligaen?
8/12 Før Solskjær
Ole Gunnar Solskjær vann som vi har vore innom meisterligaen i 1999, men kva nordmann gjekk til topps i turneringa i 1997?
9/12 John Arne Riise
Kor mange gonger vann John Arne Riise meisterligaen?
10/12 Roar Strand
Kor mange meisterligakampar har Roar Strand spelt?
11/12 Først av kvinnene
I 2001 vart også ein eigen meisterliga for kvinnelag stifta. Kva lag vann den første finalen i 2002?
12/12 Ada Stolsmo Hegerberg
Ada Stolsmo Hegerberg har markert seg sterkt i meisterligaen dei siste åra. Ho har vunne ligaen tre år på rad med Lyon. Men kor mange gonger har Hegerberg blitt toppscorar i meisterligaen?
Ditt resultat
Du må svare på alle spørsmålene først.