Det var verken kanapear eller chablis i glasa då kunstnaren Trine Røssevold såg oljemåleria hennar bli hengde opp i Ålesund i det helga starta. Så var det ikkje akkurat noko styla galleri med parkett på golvet og kritkvite vegger ho entra heller.
– Du kan gå her midt på natta og oppleve ei utstilling med oljemåleri. Den tanken vinn over uroa over måleria sine ve og vel, seier Røssevold.
Ho vedgår at ho er uroleg, men også gler seg over tanken på at kunsten dermed blir tilgjengeleg for absolutt alle som passerer til alle døgnet tider.
Meiner måleria passar inn
Kunstnaren Trine Røssevold har hengt opp fem av bilda sine i undergangen mellom rådhuset og bussterminalen i Ålesund. I eit område der byens lause fuglar gjerne har tilhald, og der det ikkje alltid luktar like reint og godt.
Kunstnaren Trine Røssevold har tatt sjansen på å henge ut ei rekkje oljemåleri i undergangen mellom busstasjonen og rådhuset i Ålesund. Ho er spent på reaksjonane frå folk.
Foto: Remi Sagen / NRKEitt av måleria viser henne sjølv sitjande på eit raudt teppe, ute i naturen, mellom trestammar. Eit par av dei andre ein menneskekropp, delvis skjulte bak forheng.
– Tema i måleria er ein type "utanforskap", personar og situasjonar som er isolerte i ei slags boble, eg trur det passar med den isolasjonen som denne staden har, seier ho medan lyden frå hjula på ein trillekoffert som rullar forbi lagar ekko i undergangen.
Håper tankane blir sett i sving
Oljemåleria er skrudde rett inn i betongen, og er ikkje beskytta bak tjukke glas. Her skal dei etter planen henge ei veke.
Det har neppe hengt oljemåleri i denne undergangen før. I dette området har mange av byens lause fuglar gjerne hatt tilhald.
Foto: Remi Sagen / NRK– Eg veit ikkje kva respons eg får. Kanskje mange ikkje vil bry seg, kanskje nokre syns det er interessant, kanskje nokre vil finne noko i dei som dei finn det verdt å gruble litt over, seier ho.