Hopp til innhold

Alexander vil slutte med nynorsk

Digitale hjelpemiddel på nynorsk er for dårlege, meiner Alexander Myklebust Barstad (15). No går tiandeklassingen over til bokmål.

Alexander Myklebust Barstad sit i ein blå hettegenser og les på ein iPad. Han har blondt hår. I forgrunnen ser vi andre studentar som ser på datamaskiner og i bakgrunnen ser ein tavla og nokre plakatar på veggane.

Alexander Myklebust Barstad meiner han sjeldan møter hovudmålet sitt i skulekvardagen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Alexander Myklebust Barstad meiner han sjeldan møter hovudmålet sitt i skulekvardagen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fredag la kunnskapsministeren fram forslag til endringar i opplæringslova.

Der foreslår departementet mellom anna å lovfeste retten til opplæring i eiga gruppe på barne- og ungdomstrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke og å lovfeste eit krav om opplæring i begge skriftspråka.

Ikkje alle meiner dei forslaga vil løyse problema for nynorskelevane.

15 år gamle Alexander Myklebust Barstad går på Blindheim ungdomsskole i Ålesund. Mange av klassekameratane hans vel å skrive mest på bokmål. Sjølv har han valt å ha nynorsk som hovudmål, men mangelen på digitale hjelpemiddel på nynorsk fører til frustrasjon.

Ipad på skulen

– Skriveprogramma er dårlege på å fange opp feil på nynorsk. Dei rettar ikkje eingong «ikke» til «ikkje», seier Gina Karlsbakk Småge på Blindheim ungdomsskole.

Foto: Thomas Amlien / NRK

– Appane vi brukar er stort sett på bokmål. Og uansett kva du leiter opp på nett, så er det meste på bokmål, det er litt dumt. Det er ikkje likt for bokmåls- og nynorskelevar.

Han seier dei sjeldan møter nynorsk på nett, i den digitale undervisninga, og elles i samfunnet.

Vi møter berre nynorsk når vi skriv det sjølv. Ingen andre plassar.

Når 15-åringen startar på vidaregåande til hausten blir det truleg med bokmål som hovudmål trass ti år med nynorsk i grunnskulen.

Grunnen er enkel. «Alt» er jo på bokmål, ifølgje Myklebust Barstad.

– Frykteleg skuffande

Noregs Mållag følgde spent med då forslaget til den nye opplæringslova vart lagt fram. Leiaren Peder Lofnes Hauge vart ikkje nemneverdig imponert.

– Vi er ikkje fornøgd med dette forslaget frå kunnskapsministeren og meiner at det ikkje viser vilje til å gjere noko med situasjonen til nynorskelevane, seier han.

Noregs Mållag ønskjer at alle digitale læremiddel, læringsressursar, appar og plattformer som elevane brukar i dag skal få eit krav om å vere tilgjengeleg på nynorsk.

Det kravet ligg ikkje inne i forslaget til den nye opplæringslova. Derfor meiner mållaget at forslaget om eigne nynorskklassar og krav om betre retteprogram ikkje er nok.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, meiner dei som produserer læremidla i dag utnyttar regelverket og at skiljet mellom læremiddel og læringsressurs er konstruert og kunstig.

Foto: Tuva Åserud / Fotograf Tuva Åserud

Og situasjonen til elevane som bruker nynorsk er kritisk, ifølgje Lofnes Hauge. Han meiner biletet elevane ved Blindheim ungdomsskole målar er noko dei kjenner igjen frå heile landet.

– Elevane får i praksis opplæringa si på bokmål, sjølv i det som i utgangspunktet skal vere trygge og gode nynorskkommunar, sukkar mållagsleiaren.

– Det er rett og slett frykteleg skuffande, legg han til.

Ønsker ikkje å avgrense lærarane

Statssekretær Kjetil Vevle (Ap) meiner forslaget viser at dei tek nynorsken på alvor.

I forslaget innfører vi eit ubetinga krav om at skulen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Dette skal sikre at alle skular vel skriveprogram som har tilfredsstillande nynorsk, slik at alle elevar får bruke skriveprogram av god kvalitet, uavhengig av hovudmål, seier Vevle.

Departementet meiner likevel at å utvide parallellitetskravet til å gjelde alle digitale hjelpemiddel er vanskeleg å handheve, og foreslo derfor ikkje dette.

– Vi ønskjer å gi læraren meir pedagogisk og fagleg handlingsrom, forklarer Vevle.

Timeplan 10A Blindheim ungdomsskole

Sjølv om det er lovfesta at elevane skal møte hovudmålet sitt regelmessig er det ikkje alltid slik ifølgje elevane i 10A ved Blindheim ungdomsskule.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dag gjeld parallellitetskravet berre læremiddel, og ikkje læringsressursar.

Peder Lofnes Hauge meiner skiljet mellom dei to er kunstig og konstruert av departementet.

– Det gjer at det blir lett for dei som produserer læremiddel til skulen å utnytte lova, og sleppe å produsere på nynorsk, meiner han.

Saknar tilrettelegging

Amalie Reiten er også ein av elevane ved Blindheim ungdomsskole som har valt å skrive på nynorsk. Ho meiner dei ikkje får same moglegheitene som elevane som brukar bokmål.

Ein får valet på barneskulen om ein vil ha nynorsk eller bokmål. Men så får ein ikkje tilrettelegging i skulegangen.

– Kor ofte møter du hovudmålet ditt i skulen?

– Aldri, eller nesten aldri i alle fall.

Ipad på skulen

Amalie Reiten (til venstre) seier ho og dei nynorskbrukande klassekameratane ofte må bruke tid på å skrive om oppgåvetekstar frå bokmål til nynorsk.

Foto: Thomas Amlien / NRK

Les også Nynorsk i skulen splittar bygda: – Må tenkje på elevane

Fv: Enock Mizerero, Ingar Sletta Tråer (bokmål) og Herman Wåle og Kari Bøe ( begge nynorsk).

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL