Hopp til innhold

Sjukehusmaten kan bli sendt med to ferjer

Konsulentar foreslår at eit storkjøkken i Molde kan lage all sjukehusmat i fylket og transporterast. I Østfold vart transport av mat for kostbar og neste år skal sjukehuset lage maten sjølv.

Sykehusmat

Dei siste dagane har debatten om sjukehuskjøkken rast. Konsulentar meiner at det nye sjukehuset i Molde kan lage all mat for å frigjere plass ved dei andre sjukehusa.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Både sjukehuset i Ålesund og Volda har for lite areal. I ein rapport Sunnmørsposten først fekk tilgang til, har eit konsulentfirma sett på korleis ein kan frigi areal og peikar på at kjøkkena kan brukast til andre føremål. Dei meiner at eit storkjøkken i det nye sjukehuset i Molde som er under planlegging, kan ta seg av all matlaging for heile helseføretaket. Den varme maten skal kjølast ned, pakkast i posar og sendast ut til pasientane.

– Eg tenker umiddelbart at dette er mykje styr for å spare 1000 kvadratmeter, seier Arnt Steffensen, som er leiar i Kost- og ernæringsforbundet.

Arnt Steffensen

Arnt Steffensen er leiar i Kost- og ernæringsforbundet. Han meiner det beste er å produsere mat lokalt på ein institusjon.

Foto: privat

Store transportkostnader

Steffensen meiner det alltid er ein fordel å ha kjøkkenet lokalt, framfor å få maten frakta langvegs frå.

Dersom maten skal lagast på Hjelset i Molde og sendast til Volda, er dette ein avstand på 149 kilometer og to fjordkryssingar med ferje.

– Det eg ser frå andre stader er at vinninga går opp i spinninga. Transportutgiftene er høge og her kjem det ferje i tillegg. Det er også mykje emballasje i ei tid då ein fokuserer på miljøet, seier Steffensen. For pasientane spelar det liten rolle kvar maten blir produsert, men det som kan bety noko er valfridomen til den enkelte. Når maten vert bestilt langvegsfrå, trur Steffensen at middagane må bestillast fleire dagar i førevegen. Det gjer det vanskelegare dersom det kjem pasientar med ønskekost eller allergiar.

Sa opp avtalen

I 2015 vart det bygt nytt sjukehus i Østfold utan produksjonskjøkken, men med mindre avdelingskjøkken. Helseføretaket vedtok å kjøpe mykje av maten frå sjukehuset i Vestfold. No har dei sagt opp avtalen og er i gang med å bygge om avdelingskjøkkena for å lage maten sjølve.

– Vi tar over heile produksjonen sjølve. Vi ser at det er økonomi i det. Det er ikkje særleg gunstig å frakte maten over fjorden frå Vestfold til Østfold sidan vi allereie gjer så mykje sjølve, seier avdelingssjef Lars Henrik Pihl i Sykehusservice.

Han har fått med seg debatten om sentralkjøkken i Møre og Romsdal og seier at det er fleire faktorar som må vurderast for å finne ut om det løner seg å transportere mat. Dersom eit stort sentralkjøkken skal lage berre deler av maten, meiner han det må det vurderast om det er lønsamt og om det er miljømessig bra.

– Dersom vi kjøpte all mat frå Vestfold, hadde reknestykket vore annleis, seier Pihl. Sjølv om all mat no skal lagast lokal ved sjukehuset, skal talet på tilsette ikkje aukast.

Ikkje avgjort om det blir ny runde

I 2016 gjorde Helse Møre og Romsdal utgreiingar om sentralkjøkken. Då bestemde styret at det skulle vere kjøkken på alle fire sjukehusa. Klinikksjef for drift og eigedom, Mona Aagaard-Nilsen, seier at sidan denne bygningsmessige utviklingsplanen er under arbeid, så har ikkje helseføretaket gjort vurderingar om det er aktuelt å gå inn i ei ny runde igjen om sentralisert kjøkken. Den endelege rapporten skal vere klar for nyttår.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL