Hopp til innhold

Politimeister kritiserer vakthaldet kring terrormål på Aukra

Tryggleiken rundt Nyhamna i Aukra er for dårleg, meiner politimeisteren for Nordmøre og Romsdal. Han har ansvaret for mogleg terrormål som industriinstallasjonane på Nordvestlandet.

Tryggleiken rundt Nyhamna i Aukra er for dårleg, meiner politimeisteren for Nordmøre og Romsdal. Han har ansvaret for mulege terrormål som industriinstallasjonane på Nordvestlandet. Shell vil sjå nærare på sikringa av oljeinstallasjonane etter 22.juli-kommisjonen og utspelet frå politimeisteren.

Meiner Nyhamna er for dårleg sikra

Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, er kritisk til vakthaldet kring Nyhamna – gassmottaket og gassanlegget på Aukra.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Gassanlegget på Aukra er sett på for å vere eit potensielt viktig terrormål. Så snart 22. juli var eit faktum, var anlegget på Nyhamna éin av stadane som fekk oppgradert sikkerheita.

Likevel, vakthaldet er ikkje godt nok, meiner politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilssen.

– Det er ein realitet at sikkerheita som basen har, altså Nyhamna, er for dårleg.

– Spesielt sett i lys av det sikkerheitsopplegget mottakaren, altså Easington i Storbritannia, har, seier Nilssen.

1,2 milliardar kroner i gass kvar veke

På Nyhamna er vakthaldet sivilt. I England går det patruljerande militærpoliti, skriv Tidens Krav.

Frå Ormen Lange-feltet skyl det inn gass for svimlande 1,2 milliardar kroner i statskassa kvar veke. Gass som i augneblinken er langt dårlegare sikra enn dit gassen blir sendt.

Etter 22. juli-kommisjonen sin rapport måndag og utspela frå politimeisteren vil oljenæringa no sjå på nye tiltak.

Gunnar Ervik

Gunnar Ervik, driftsdirektør i Shell, fortel at gassanlegget i Nyhamn ikkje er eit sikringsobjekt i augneblinken.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Anlegget er ikkje eit sikringsobjekt

– Det har vore vurderingar om kva tiltak vi skal gjere for å vere sikre på at arbeidsplassane er trygge, seier Gunnar Ervik, driftsdirektør i Shell for Ormen Lange-feltet.

– No er sikringa heilt annleis i England enn her. Kva tenkjer du om det?

– Det er noko vi har vore klar over lenge. Der borte er landinga av gassen sett på som eit sikringsobjekt. Så langt har ikkje det blitt vurdert her i Noreg, fortel Ervik til NRK.

Politidistriktet ikkje dimensjonert for terroråtak

Gassanlegget er sett på som eit mogleg terrormål. Politimeister Nilssen fortel at politiet ikkje har ressursar til å hjelpe med sikkerheita normalt.

– Men dersom det skulle oppstå ein terrorsituasjon, så er vi pliktige til å forhindre at det skjer.

– Men har de ressursane til det? Kjem ein kjapt nok ut for eksempel?

– Det er nok få politidistrikt som er dimensjonert for å takle ein slik situasjon som 22. juli, slår Nilssen fast.

Politidistriktet i Nordmøre og Romsdal, som skal sikre norske olje- og gassinstallasjonar, manglar for eksempel politibåt. Det er ikkje godt nok, meiner Nilssen, men budsjettet er ikkje romsleg.

– Vi har utdanna spesialfolk til skarpe oppdrag, men det vil det òg vere avgrensa med.

– Vi vil vere avhengige av beredskapstropp eller Forsvarets Spesialkommando, seier Nilssen.

– Kor lang tid vil ta det ta å få dei hit?

– Det vil ta lang tid. Den raskaste vegen hit til er med fly, og det vil ta tid, avsluttar politimeisteren.

Ormen Lange Aukra

Slik ser det enorme gassanlegget på Aukra ut.

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL