Hopp til innhold

Kristiansund meiner dei har funne ei løysing på fastlegekrisa

På to år har Kristiansund kommune snudd utfordringane knytt til ledige fastlegestillingar. For to år sidan stod nær ein av fire fastlegestillingar i kommunen tomme, men så tok dei grep.

Blant anna har kommunen tatt over drifta av Bryggen Medisinske senter, slik at legane kunne konsentrere seg om pasientbehandling. I tillegg kjøpte dei opp alle ledige fastlegeheimlane.

– Då blir det ein lågare terskel for nyutdanna legar å kome inn i ordninga og prøve seg utan store økonomiske forpliktingar, seier Eigil Sandvik, tillitsvald for fastlegane i Kristiansund.

Dei også opna ei ny legevakt og latt fastlegane vere to og to på vakt, i staden for å vere aleine. Alle desse tiltaka har ført til kommunen sine fastlegekontor snart er fult bemanna, utan at dei må ty til vikarar.