Hopp til innhold
Lege
Foto: Freeimages.com

Legemangel i Møre og Romsdal

  • Kristiansund meiner dei har funne ei løysing på fastlegekrisa

    På to år har Kristiansund kommune snudd utfordringane knytt til ledige fastlegestillingar. For to år sidan stod nær ein av fire fastlegestillingar i kommunen tomme, men så tok dei grep.

    Blant anna har kommunen tatt over drifta av Bryggen Medisinske senter, slik at legane kunne konsentrere seg om pasientbehandling. I tillegg kjøpte dei opp alle ledige fastlegeheimlane.

    – Då blir det ein lågare terskel for nyutdanna legar å kome inn i ordninga og prøve seg utan store økonomiske forpliktingar, seier Eigil Sandvik, tillitsvald for fastlegane i Kristiansund.

    Dei også opna ei ny legevakt og latt fastlegane vere to og to på vakt, i staden for å vere aleine. Alle desse tiltaka har ført til kommunen sine fastlegekontor snart er fult bemanna, utan at dei må ty til vikarar.

  • Mangelen på fastleger er størst i distriktene

    I 29 distriktskommuner mangler minst 30 prosent av innbyggerne fastlege, ifølge tall fra Allmennlegeforeningen.

    Tallene viser at mangelen på fastleger er klart størst i distriktene, skriver Nationen.

    I 29 norske kommuner mangler minst 30 prosent av innbyggerne fastlege per 1. juni, viser tallene.

    10 prosent av innbyggerne i Møre og Romsdal Nordland og Troms og Finnmark uten fastlege.

  • Ørskog legevakt opnar igjen

    Frå 1. september opnar Ørskog legevakt igjen. Det melder Ålesund kommune. Legevakta blei stengt frå desember 2022 til 1. mars i år på grunn av bemanningsproblem.

    Sidan mars har det vore drift ved legevakta med regelmessige, men avgrensa opningstider fredag, laurdag og søndag. Frå 1. september blir legevakta opna på dagleg basis.

    – Gjenopninga er eit resultat av langsiktig konstruktivt arbeid for å finne nye løysingar og god planlegging frå både legar, støttepersonell og samarbeidskommunane. Vi kjenner oss trygge på at gjenopninga vil vere permanent, seier kommuneoverlege Alexander Wiig i pressemeldinga.

  • Fastlegemangel er pasientrisiko

    Mangel på fastlege er noe av det pasientombudet i Møre og Romsdal fikk flest henvendelser om i fjor.

    Per i dag er det bare 17 av de 292 legelistene i fylket som har ledig plass, sier pasientombud Hanne Haavde Stenseth. 30 av listene har tidvis vikarer, men står uten fast lege.

    – I fjor merket vi at mangelen på fastleger, kan være en pasientrisiko, sier Haavde Stenseth

  • Ørskog legevakt stenger

    På grunn av legemangel og sjukdom må Ørskog legevakt i Ålesund stenge frå 28. desember til første mars neste år. Innbyggarane sine behov for akuttmedisinske tenester skal bli varetatt ved å auke kapasiteten ved hovedlegevakta på Åse i Ålesund, melder kommunen.