Fredag blei det kjend at styret i Helse Midt-Norge løyvde 84 millionar kroner til Namsos Trafikkselskap og Inntrøndelag Ambulanse for å dekke auka lønskostnadar over ein fem års periode.
Nørve vil ha svar på om helseføretaket har brote lovverket.
Ikkje reell anbodsrunde
Fagforbundet kastar seg også inn i ambulansesaka, og vil ha full gjennomgang.
Avdelingsleiar i Fagforbundet, Kjellfrid Blakstad, meiner Riksrevisjonen må sjå på kva som eigentleg har skjedd.
Blakstad synest ikkje anbodsrunden er reell når det brått dukkar opp ein ekstrapott på 84 millioner som blir forsøkt halde hemmeleg.