Krev kompensasjon til ferjedrift

Aksjonsgruppa bak «Facebooksida protest mot økte ferjetakstar», fryktar no at tapte ferjeinntekter til fylkeskommunen på grunn av koronaviruset fører til at ferjene ikkje blir billegare. Tidlegare i dag meldte fylkeskommunen at det er om lag 60 % mindre som reiser med ferje sidan Noreg innførte strenge tiltak for å bli kvitt koronaviruset. No sender protestgruppa eit open brev til samferdselsministeren der dei krev at fylkeskommunen får kompensasjon for tapte inntekter.