Grunneigarane set dette som ein føresetnad for å godta ei ny kraftlinje.
- Eg meiner at så lenge det renn pengar ut i begge endane av desse linene, så bør det tilfalle grunneigarane ein mykje større pott enn i dag, seier grunneigar Tor Einar Amdam i Ørskog.
I alt seks kommunar i fylket vil verte råka av kraftlinja.
Det er enno ikkje klart kva grunneigarane i dei andre kommunane vil få i kompensasjon for tapt jord.
Her i fylket vil Kommunane Volda, Ørsta, Sykkylven, Stranda, Stordal og Ørskog vil bli råka av kraftlinja.
Linja vil kunne føre dobbelt så mykje kraft som behovet til Trondheim by inn i fylket.
Prosjektleiar for utbyggar Statnett, Magne Maurset, vil ikkje seie noko om kor mykje grunneigarane kan vente seg i erstatning for tapt jord.