Hopp til innhold

– Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at bussen skulle lette

Bilar ligg i grøftene. Til og med store, tunge køyretøy er tekne av vinden. På Ålesund lufthavn blei eit fly skadd då det brasa inn i ei flytrapp. På veg til flyplassen letta flybussen før han velta.

Det har vore eit uver med mykje snø og vind. Det er kaos og stengde vegar

Sjåfør Svanhild Humlen seier det var ei ekkel oppleving då flybussen letta og hamna på sida.

– Det er ganske skremmande å tenkje på at vinden klarar å lette bussen på den måten. Det var ei ekkel kjensle, seier ho.

Kraftig vind fredag morgon gjorde at bussar og bilar blåste av vegen på Vigra.

Det var ei skræmande oppleving då bussen bles av vegen.

– Farta var låg og eg hadde to hender godt plassert på rattet fordi det reiv og sleit i bussen. Det var kraftig vind heile vegen mot flyplassen, men eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudde at noko slikt skulle skje, legg ho til.

Redda av setebeltet

Svanhild Humlen

Svanhild Humlen sat bak rattet då flybussen plutseleg letta og hamna på sida fredag morgon.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK
Buss velta

Passasjerane måtte evakuerast ut gjennom takluka på bussen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Thomas Jøsok

Thomas Jøsok og bilen hans blei blåste av vegen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Før ho visste ordet av det låg bussen med fire passasjerar på sida.

– Eg spurte alle om dei var ok medan eg hang opp ned i setet. Heldigvis fekk eg positive svar tilbake, fortel ho.

Tre av passasjerane fekk lettare skader, medan ho sjølv er litt forslått i eine foten.

– Vi har vore utruleg heldige.

Humlen understrekar at det heile kunne ha gått langt verre dersom passasjerane ikkje hadde hatt på seg setebelte.

– Når det er setebelte i ein buss, skal dei brukast, seier flybussjåføren.

Bussvelten skjedde omtrent på same tid som eit parkert fly kolliderte med ei flytrapp ikkje langt unna.

– Det er heilt klart at det var sterke krefter i gong, kommenterer Humlen.

Fleire blåste av vegen

I same område bles to andre bussar av vegen, og Nettbuss innstilte busstrafikken. Politiet gjekk ut med ei åtvaring om glatte vegar og sterk vind.

Thomas Jøsok skulle hente bagasje for flypassasjerar på Vigra. Så langt kom han ikkje. Vigra er ei flat øy, og vinden slår hardt når han står inn frå havet.

Eg blei blåst ut på brøytekanten. Då miste eg styringa. Eg glei ut i grøfta, seier Thomas Jøsok.

Sjølv opplevde han ikkje situasjonen som særleg dramatisk. Verre var det då flybussen letta og bles av vegen tidlegare på dagen.Ikkje langt unna hamna også Trond Viggo Moen Jensen utfor vegen. Og det var vinden som var det store problemet.

Eg hadde møtande trafikk. Eg måtte vike litt lenger ut på sida. Då hadde eg maks uflaks. Det kom eit skikkeleg vindkast. Bilen blei trykt ut mot sørpa, og då var det gjort, seier han.

Men det har ikkje blitt noko skade?

Nei, det ser ut til å ha gått bra. Det kan no hende det har blitt skadar under bilen. Men det veit eg ikkje før eg får han opp av grøfta, seier Jensen.