Hopp til innhold

Kraftig minus i september

Helse Møre og Romsdal gjekk 25,3 millionar kroner i minus i september. I ei pressemelding skriv dei at lågare aktivitet i fleire klinikkar gav ein inntektssvikt på 11,7 millionar kroner. Samtidig gjer eit avvik på lønn på 13,7 millionar kroner at kostnadene auka. Dei store minustala for september kom trass i ein økonomisk buffer og ei innsparing på mellom anna medikament og andre driftskostnader. – Dei økonomiske minustala for september er alvorleg for føretaket, og det er ei samansetting av fleire forhold som forklarer dette, seier administrerande direktør Espen Remme i pressemeldinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL