– Forferdeleg problem
For eit par år sidan sidan var det ytterst sjeldan at bedriftshelsetenesta fekk slike spørsmål frå arbeidslivet. No er dette ei vanleg problemstilling. Fleire vender seg til bedriftshelsetenesta om slike saker kvar månad, fortel divisjonsjef Fredrik Møller-Christensen i Medi 3.
Fredrik Møller-Christensen (Foto: Medi 3)
– Det er eit forferdeleg problem, og dessverre ser det ut som at det blir meir og meir yngre folk som blir ramma, faktisk ned i gymnasalderen.
Farleg
Møller-Christensen synest slett ikkje utviklinga er særleg hyggeleg.
Ecstasytablettar (arkivbilde).
– Hadde dei berre visst konsekvensane av kva dei gjer med hovuda sine, med hjernene sine når dei held på med dette, så hadde dei sannsynleg vis slutta.
I tillegg til Amfetamin, ecstasy, kokain og hasj, er syra GHB stadig oftare kjelda til psykiske problem. Stoffet er ikkje vanskeleg å framstille og lett å få tak i. Det er også farleg å bruke, særleg over tid.