Køyrde 108 i ei 60-sone

Ein person blei tatt i 108 km/t i ei 60-sone ved Garnes i Ulstein torsdag kveld. – Alvorleg, seier politiet.

Politi

Torsdag stoppa UP ein bilførar som køyrde heile 108 km/t i ei 60-sone.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Torsdag kveld gjennomførte UP fleire trafikkontrollar i Ulstein og Herøy. Totalt seks bilførarar miste førarkortet denne kvelden.

Frå klokka 19:45 til 21:15 gjennomførte UP ein fartskontroll i ei 80-sone ved Nautøya i Herøy. Her blei høgaste hastigheit målt til 121 km/t. Tre mista lappen og fem andre fekk forenkla førelegg på grunn av for høg fart.

Ein må køyre meir enn 115 km/t for å miste førarkortet i ei 80-sone.

– Svært alvorleg

Seinare på kvelden sette UP opp ein fartskontroll i ei 60-sone ved Garnes i Ulstein. Der mista tre bilførarar lappen, og sjy fekk forenkla førelegg for høg fart.

Her blei høgaste hastigheit målt til 108 km/t.

For å få førarkortet beslaglagt må ein køyre 86 km/t eller meir i ei 60-sone.

– Det er ganske alvorleg. Førarkortet ryk ved 86 km/t eller meir i ei 60-sone, og dette var langt over, seier Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

Siste video/lyd

Til helga er det seriestart i Eliteserien 2017. I dag sender NRK Møre og Romsdal fra stadion i Ålesund.
Gassanlegget på Nyhamna har dei siste ti åra tilført statskassa 325 milliardar kroner.
No blir anlegget bygd om til å bli eit gassknutepunkt.
Ved Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta har tatt i bruk ein ny sykkel. Dette set bebuarane stor pris på.
No har det blitt lettare å kome seg ut.