NRK Meny
Normal

Suste inn i 60-sona i 105 km/t

Seks bilførarar miste førarkortet under ein fartskontroll på Verma i Rauma i dag. Politiet kallar det råkøyring.

Laster kart, vennligst vent...

UP har hatt politikontroll på Verma i heile dag frå klokka 13.30 til 20.30. Heile 49 bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart, medan seks miste førarkortet. Ein av dei køyrde 105 km/t i 60-sona.

– Så stor fart i ei 60-sone vil eg kalle stygg køyring. Der er hus, fotgjengarar og avkøyrsler frå Europavegen, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund.

For å få førarkortet beslaglagt må ein køyre 86 km/t eller meir i ei 60-sone.

At det er så mange som vart stansa til saman og fekk bøter, meiner operasjonsleiaren har med talet på timar kontrollen varte.

Det var ikkje lokale folk som miste førarkorta.