Kontrakt til Aas Mek Verksted

Aas Mek Verksted i Vestnes skal bygge ein brønnbåt for Nova Sea Service som held til i Herøy i Sandnessjøen. Båten er av verftets eigen design, og skal vere eit skip med lågt drivstofforbruk, og sterkt reduserte utslepp til luft, sjø og støy. Skroget blir bygd i utlandet og nybygget blir levert reiarlaget i september 2021. Også i 2017 leverte Aas Mek Verksted ein båt til reiarlaget i Sandnessjøen.

Aas Mek Verksted skal bygge ny brønnbåt til reiarlag i Sandnessjøen.
Foto: Aas Mek Verksted